1. Solveig Marie Loftsgarden
  2. Tidsrom
  1. Bachelor
  2. Interiørarkitektur og møbeldesign

A Arkitektur finns i stiar og steinar som er ordna for å legge til rette for eit behov. Det har lært meg å forstå menneskje og omgjevnadar betre.

B Det oppstår eit tidsrom frå Dugurdskampen til Nonshø. Frå busstopp til busstopp. Frå fødsel til død. Tidsrom er eit studie av tid i møte med aktør og rom.

Det er vanleg å tenkje at det finns ei naturleg og ei objektiv tid. Kva med andre måtar å kjenne tid på? Prosjektet skal belyse ulike tidsoppfatningar og korleis tid og rom er avhengig av kvarandre for å skape eksistens.

Mange av oss er villige til å redusere løn og forbruk til fordel for meir tid. Eg ser eit behov som kan påverkast gjennom arkitektur. For det viktigaste er det me kjenner, meir enn det me ser. 

Arbeidet vil bestå av utformingar som spring ut frå fysikkens teoriar i møte med eit kulturelt tilbakeblikk. Målet er å betre forstå tida og kva ho betyr for oss.

  1. smloftsgarden@outlook.com

Design Martin Asbjørnsen og Jørn Aagaard

Foto Jørn Aagaard

Programmering Thor Merlin Lervik